Skulen


Eivindvik skule
5966 Eivindvik


Telefon:  57 78 43 55
Telefax:  57 78 42 37
E-post: eivskule@online.no

Rektor
: Einar A. Thune
Telefon: 57 78 42 37
E-post: eivrekt@online.no


www.utdanning.no

Kompis i all verda (1. - 7.kl.)

Torsdag 8. mars kl. 13.45 blir det konsert med elevar frå Eivindvik skule og distriktsmusikarane i Gloppen. Konserten er inspirert av melodiar og rytmer frå heile verda.
Les meir »   04.01.12 kl. 16:31

Første skuledag etter nyttår er...

TYSDAG 3. JANUAR 2012
15.12.11 kl. 14:20

Juletrefest

Tysdag 20. desember kl.18.00 inviterer Eivindvik skule elevar, foreldre, sysken, besteforeldre og alle andre til festleg samver. Velkomen!
Les meir »   15.12.11 kl. 14:15

Kunstutstilling med elevarbeid

Velkomen tysdag 13. desember kl.17.00 - kl.19.00 i Mediateket på skulen. 20 kr i inngangsbillett. Sal av mat og kaffi. Kom og sjå!
05.12.11 kl. 16:57

Elevfri måndag 21. november!

Lærarane er på kurs i Dale.
18.11.11 kl. 15:40

Elevbedrift

Elevane i 9. klasse har denne veka elevbedrift.Dei har to bedrifter. Den eine bedrifta vaskar bilar ved brannstasjonen på kommunen. Den andre bedrifta har sal av rundstykker og pizza. Sjå plakat og lappar.
01.11.11 kl. 11:29

Samarbeidsmøte HEIM - SKULE for mellomtrinnet

Tysdag 8. november kl. 18.00 – kl.20.00 vert det samarbeidsmøte for mellomtrinnet. Dersom det er noko de ynskjer å ta opp, ver venleg å ta kontakt med kontaktlærar eller klassekontakt på førehand. Vel møtt!
Les meir »   28.10.11 kl. 15:07

I berget det blå

Framsyninga er flytta til måndag 5. desember kl.13.45. Då får 1.kl. - 4.kl. sjå eit musikalsk forteljarteater som byggjer på eventyret om dei tre kongsdøtrene i berget det blå.
Les meir »   20.10.11 kl. 10:22

Nye gymsko?

Reinhaldsarbeidarane har gjort eit stort arbeid i gymsalen. Alle flekker og svarte strekar er så å seie vekke frå golvet. Brukarane av gymsalen kan no berre nytte sko som lagar USYNLEGE merker.
17.10.11 kl. 11:28

"Sanitetslunsj" fredag 7. oktober kl.12.00 - 13.00

N.K.S. Eivindvik og Nordgulfjorden (Norske Kvinners Sanitetsforening) kjem og lagar sunn og god lunsj til oss. Føresette og familie på besøk betalar 30 kr pr. pers. (Pengane går rett i "Juleverkstad-kassen".) For elevane er lunsjen GRATIS. Velkomen!
30.09.11 kl. 15:57

RSS

Abonner på nyheter

Din Epost-adresse: